Anlegga våre

Havila Biogass prosjekterer, bygg og driv ein serie med biogassanlegg i Norge som leverer karbonnøytral energi til norske industribedrifter og arbeidsplassar.

Nesset

Møre og Romsdal
Opnar sommaren 2024

Havila Biogass på Nesset har avtale om å levere all produksjon av bio-metan til Hydro Sunndalsøra. I starten er årleg produksjon venta å vere 42 GWh, men kan seinare aukast.

Hustadvika

Møre og Romsdal
Byggestart seint 2024

Havila Biogass Hustadvika er forventa å produsere 60-80 GWh, og har avtale om å levere all produksjon av bio-metan til Hydro Sunndalsøra.

Trøndelag

Trøndelag
Byggestart 2025

Prosjektet er venta å produsere om lag 80 GWh, og har avtale om å levere delar av produksjonen til Hydro Sunndalsøra og medan noko skal gå til transportsektoren.

Karmøy

Rogaland
Byggestart 2025

Prosjektet er venta å produsere 60-100 GWh.

Aure

Møre og Romsdal
Byggestart TBD

Prosjektet er venta å produsere rundt 100 GWh.

TBA

Vi planlegg eit nettverk av biogassanlegg over heile landet. Er du interessert i å levere råstoff eller kjøpe rein energi, ta kontakt.

Verdsomspennande behov for grøn energi

Behovet for nullutsleppsenergi finst over heile verda. Det same gjer avfall frå landbruk og havbruk.

Difor ser vi også ut over Norges grenser når vi bygger eit konsern som gir industrien handlekraft innan berekraft.

Klimaendringane stoppar ikkje på landegrensene og vi er i forhandlingar med aktørar i fleire verdsdelar om anlegg som kan gi næringslivet hundre prosent grøn energi med null prosent utslepp.

100% rein energi. I dag.

Med karbonnøytral energi frå Havila Biogass kan industrien gjere prat om det grøne skiftet til handling.